torsdag 12. januar 2012

Debuterer på flødande sjø

poesi tjue ti

SINDRE EKRHEIM
Sjøen hugsar ingen barndom
Samlaget 2010
88 sider



Debuterer på flødande sjø

Dikta til Sindre Ekrheim slår som brenningar heilt inn til lesaren sine strender, og tidvis har dei kraft nok i seg til å skylle bort gammal sand og fylle på ny.

|Per Roger Sandvik|


Det er mangt som går betre når det vert utført på flødande sjø og i den rette månefasen; om ein slaktar ved flo sjø og fullmåne renn blodet betre av, alt fiske er best når sjøen flør og den som barberer seg gjer det tryggast då. Dessutan skal kornet såast i veksande måne når det flør. Alt dette etter gammal folketru. Kan hende er det òg slik med det kreative, til dømes i poeten si gjerning, at noko lukkast betre enn anna om ein vel rett tid og meistrar rette verktyet? Debutdikta til Sindre Ekrheim kan tyde på det.


Nesten utan menneske - Sindre Ekrheim poesidebuterer på Det Norske Samlaget med diktsamlinga Sjøen hugsar ingen barndom. I det ytre er dette naturobservasjonar, skarphogde og konkrete bilete av bølgjer, fisk, landskapstyper, dyr, insekt og ymse gjenstandar. Rett nok er her fingertuppar som bankar mot bordflater, lyd frå gnissande nevar og sandkorn i hår. I tillegg fins mange menneskapte gjenstandar som båtar, moloar, spadar og lyktestolpar. Dette er stort sett det einaste som gjev inntrykk av at det finst menneske i boka sine mange landskap. Mot slutten kjem mennesket likevel litt meir til syne, men heile tida er naturen den tyngste drivkrafta. Diktet på side 81, om mjukt eplekjøt, går til dømes over til skildring av menneskekjøt og –blod: Kjøt omslutta av kjøt […] Blod omgitt av kjøt og armar /omslutta av hender og fingrar. / Fingertuppen dunkar i bordet / mot eit punkt i eit blått nettverk. (side 81). Her er mennesket berre fysiologi og anatomi. I dei neste dikta går Ekrheim over i eit du og ein unge, men også her er det naturen som styrer skildringane.


Moderne naturlyrikk – Naturen spelar altså hovudrolla i samlinga, i alle høve med omsyn til motivet. Fyrst møter vi mineralriket, så planteriket og dernest dyreriket. Her er òg ei kronologisk forteljarrørsle som byrjar nede i havdjupet, går via bølgjene, held fram i deira møte med sanddyner og kystland, går gjennom skogar, over åker og mark og set oss av ved og i eit forlatt hus ved fjorden. Eitt av samlinga sine nøkkeldikt, på side 21, femner heile denne store rørsla frå hav til hus og menneskeavtrykk:

Bølgjene følgjer
           bølgjene
skyl inn over stranda
        med sjø frå andre tider
           bølgjene
        følgjer snøen
                  snøen
kjem inn over markene
        som støv frå ei anna verd
                  støv følgjer
                               morgonlyset
                  svevar
under skydekket

                  ein tung fjord
                  der bordet står plassert inntil vindauget



Avslutningsvis i samlinga går rørsla heile vegen attende til havet. Eit krinsløp er endeleg, og like uendeleg som endeleg, avdi det heile startar på ny, om att og om att, i det tidlause terrenget. Naturlyrikk, ja, men med sprengkraft i si samtid.


Tidlaus røyst med fleire lag – Stille observasjonar, seier forlaget på bokomslaget. Ja, lågmælt er dette, tidvis tagalt, men likevel er det som det er eit liv i alt, i alle gjenstandane, landskapformene, havet; jamvel i fråværeskjensla boka gir er det eit slags liv. Det er som det ligg eit lag over det heile, ei slags hinne som hindrar energien frå tankar og livsaktivitetar i å trengje igjennom. Heilt til det vert skrapa i hinna. Heilt til vi byrjar å lese på ein måte som gjer oss i stand til å sjå nedover i lag etter lag. Ja, her er fleire hinner å trenge igjennom.


Forfriskande og sjeldan vare - Når det gjennom lengre tid har vorte gjeve ut alt for mange norske debutsamlingar av på-fjøre sjø-kvalitet, er Sjøen hugsar ingen barndom forfriskande og sjeldan vare. Samstundes gjennomført og lovande frå ein lyrikkdebutant som leverer ei storslagen og lågmælt diktsamling så tom for det fysiske mennesket, at det nettopp er mennesket som får ei røyst så tydeleg at den kan høyrast gjennom alle stormar og brenningars brus og meisle seg så fast at det stig fram eit eg i desse dikta likevel. Det kjem fyrst til syne når ein klarer å lese hol i ytene.


Sindre Eikrheim presterer ein så gjennomført og sjeldsynt debut at eg ser fram til nye brenningar som følgjer brenningar frå Ekrheims diktosean og til dei neste flodmåla han skal setje på eit svaberg nær meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar